VI SØKJER TOMTER
Mange drøymer om å byggje sin eigen heim, men manglar den perfekte tomta der bustaddraumen kan bli verkeleg.
Vi er alltid på utkikk etter nye tomter og område til både små og store bustadprosjekt. Har du ein eigedom du vurderer å selje, og er nysgjerrig på kva moglegheiter som finst? Eller planlegg du å utvikle eigedomen din sjølv, men treng ein erfaren og påliteleg partnar i utviklingsarbeidet?
Ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat og ei gratis verdivurdering av eigedomen din.
Vi tek oss av heile prosessen for deg
Har du ein litt stor hage, eller kanskje ei tomt du vurderer å selje? Vi hjelper deg med å gjere dei nødvendige vurderingane du treng for å finne ut om det kan løne seg for deg.
Din Bustad sørger for ein trygg, smidig og profesjonell prosess, samtidig som vi ynskjer å maksimere verdien på eigedomen din.
Vi tek oss av alt frå søknader og frådeling til marknadsføring og sal. Du får den avtalte salssummen uavkorta inn på kontoen din når vi har solgt.
Tenestene våre er gratis – du betaler berre dei nødvendige kommunale gebyra