Velkomen til Lunden Bustadpark–byggesteg 5 & 6

Vi byggjer vidare på suksessen frå fyrste byggesteg!

Kjem det for sal 10 nye leilegheiter fordelt på 4- og 6-mannsbustader – moderne heimar med gode løysingar og attraktiv plassering midt i sentrum.

Meld interesse no og få eit fortrinn. Sjå meir informasjon lenger nede på sida.


Kvalitetar ved området

  • Gåavstand til butikkar, sentrum, kafear, legekontor, skular, idrettsanlegg og kollektivtransport

  • Gode parkeringsløysingar

  • Felles grøntområde

  • Rolig og tilbaketrekt i eit etablert einebustadområde

  • Kort veg til både fjord og fjell

  • Uteområde med sosiale møteplassar

Eit sjeldan sentrumsnært prosjekt med eksklusiv plassering


Kvalitetar ved leilegheitene

  • 2–3 soverom

  • Alt på eit plan

  • Sportsbod

  • Overbygde terrasser nede med moglegheit til privat skjerma hage

  • Overbygde balkongar oppe i 2. etasje

Meld interesse – få eit fortrinn

Å kjøpe ny bustad kan vere en prosess. Kanskje må du først selje en einebustad eller gard? Ved å melde interesse tidleg, får du ein tryggare reise og vi gjev deg rettleiing i korleis du bør gå fram.

Meld interesse i dag – så vil du:

  • Unngå en stressande prosess

  • God tid for å sette deg inn i prosjektet

  • Vi helde deg oppdatert på framdrifta i prosjektet

  • Du får tilbod om synfaring av like leilegheiter under oppføring og møter i forkant

  • Du får moglegheit til å reservere bustad fram til prislista er klar

  • Du får moglegheit til å kjøpe bustad før salet blir opna for alle

Om prosjektet

Lunden Bustadpark set ein ny standard for bustadutvikling på Nordfjordeid, der moderne arkitektur og berekraftige løysingar møtest i eit harmonisk bumiljø.

Med ei attraktiv plassering, omkransa av det vakre fjordlandskapet, handlar dette om meir enn berre ein bustad – det handlar om ein livsstil. Her får du ei kvardag prega av ro, nærleik til naturen og gode møteplassar.

Bustadparken tilbyr eit variert utval bustader som passar både par og familiar, med ein god balanse mellom privatliv og fellesskap. Bustadene ligg i luftige og grøne omgjevnader, med lune klyngetun som legg til rette for trivsel.

Prosjektet er utvikla med mål om å skape eit trygt og levande nærmiljø. Dei skjerma uteområda gir rom for både leik, rekreasjon og sosiale aktivitetar – og gjer det enkelt å bli kjent med naboane, utan å gi avkall på privatlivet.

Reiseavstandar

300 meter til buss stasjon
100 meter til matvarebutikk
300 meter til sentrumsgata
200 meter til legekontor og tannlege
350 meter til barne -og ungdomsskule
400meter til Idrettsparken

Prosjektframdrift

  • PlanleggingMai-August
  • SalsstartSeptember
  • ByggjestartOktober
  • InnflyttingEtter avtale

Visningar

Vising etter avtale

Kontakt oss

Vegard Meland

Vegard Meland

Dagleg leiar

DIN BUSTAD AS
Torgeir Melheim

Torgeir Melheim

Byggeleiar

DIN BUSTAD AS

Meld interesse

Vi handsamar informasjonen du sender i tråd med vår personvernerklæring