Namnet Din Bustad er inspirert av kvar vi drive med og kvar vi er i frå.
Din Bustad AS er grunnlagt av Vegard Meland, Torgeir Melheim og Svein Lasse Bødal. Til saman har vi lang erfaring frå eigedomsutvikling og har bygd mange hus i Nordfjord.
Vi leverer fleirmannsbustadar, hytter og einebustadar i alle storleikar og prisklasser. Vi ser det som svært viktig å tilpasse bustaden etter kundens ynskje, behov og rammer.
Vi følgjer husprosessen frå fyrste spadetak til nøkkelen i døra. Vi er med deg i heile prosessen, frå A-Å. Dette skal sikre at bustaden har den kvaliteten som våre kundar fortenar.
Vi brenn for det vi drive med.
Kunden i fokus
I Din Bustad er kunden alltid i sentrum.
Vi lyttar til dykkar behov, ynskjer og rammer. Vi leverer gjerne skreddarsydde løysningar.
Vår visjon
Din Bustad skal selje bustadar på godt rykte.