Rekkehus 7
Nøkkelpunkt leilegheit 5 & 7:
Endeleilegheiter over to plan.
Bad i begge etasjar
Særleg store kjøkken
Store vaskerom
Overbygd og romsleg balkong
3-4 soverom
Særleg stor takhøgde i stova med panoramautsikt.
Leilegheit 5 får vestvendt hageområde
Bustad 7-Endeleilegheit.
Er plassert lengst til høgre i rekkja og har eit bruksareal på 115,6 kvm. Denne bustaden har tre soverom med eit ekstra rom til disposisjon etter behov. Inngangspartiet er via brei carport. Herifrå kjem du inn i entreen, der du kan gå direkte vidare inn til eit romsleg vaskerom. I vaskerommet er det lagt til rette for gode garderobeløysingar. Etasjen består elles av eit romsleg bad, eit soverom på over 12,4 kvm. og eit rom til disposisjon som for eksempel kan benyttast til trimrom/bod/gjesterom. Utanfor det største soverommet på dette planet, er det mogleg å legge til rette for ein hyggjeleg og lun uteplass.
Når du kjem opp trappa i etasjen over finn du det svært luftige og lyse kjøkken- og stoveområdet. I stova er det store vindauge som strekkjer seg frå golv til tak. Utanfor er det ein fin og lun balkong med glasrekkverk slik at du verkeleg kan nyte den flotte utsikta, også medan du er inne i bustaden. Hovudetasjen består elles av to soverom. Frå eit av dei er det ei terrassedør ut til ein liten uteplass på baksida av huset. Det er også eit bad i denne etasjen.