Rekkehus 6
Nøkkelpunkt leilegheit 6:
3 soverom + ekstra bod/trimrom/gjesterom til disponering etter behov.
Særleg stor og gjennomgåande takhøgde i stove/kjøkken med panoramautsikt.
Hovedbad i underetasjen og WC i 1. etasjen.
Særleg store kjøkken
Store vaskerom
Overbygd og romslege balkong
Bustad 6 - Midtleilegheit
Er plassert i midten av rekkja med dei tre einingane, og har eit bruksareal på 114,8 kvm. Denne bustaden har tre soverom med eit ekstra rom til disposisjon etter behov. Inngangspartiet er via brei carport. Herifrå kjem du inn i entreen, der du kan gå direkte vidare inn til eit romsleg vaskerom. I vaskerommet er det lagt til rette for gode garderobeløysingar. Etasjen består elles av eit romsleg bad, eit soverom på over 12,2 kvm. og eit rom til disposisjon som for eksempel kan benyttast til trimrom/bod/gjesterom. Utanfor det største soverommet på dette planet, er det mogleg å legge til rette for ein hyggjeleg og lun uteplass.
I etasjen over finn du det svært luftige og lyse kjøkken- og stoveområdet som strekkjer seg over heile planet. I stova er det store vindauge frå golv til tak, og herifrå er det utgang til ein lun balkong med glasrekkverk. Rekkverket i glas gjer at du verkeleg kan nyte den flotte utsikta, også medan du er inne i bustaden. I motsett ende er kjøkkenet plassert, og herifrå er det også ei terrassedør til ein liten uteplass på baksida av bygget. Hovudetasjen består elles av to soverom og eit WC.