Rekkehus 5
Til saman skal Din Bustad byggje sju einebustadar i Smaleråsa, fordelt i to rekkjer. Den fyrste rekkja i byggjetrinn 2 består av tre bustadar. Bustadene er ganske like, men har nokre forskjellar i planløysinga.
Nøkkelpunkt leilegheit 5 & 7:
Endeleilegheiter over to plan.
Bad i begge etasjar
Særleg store kjøkken
Store vaskerom
Overbygd og romsleg balkong
3-4 soverom
Særleg stor takhøgde i stova med panoramautsikt.
Leilegheit 5 får vestvendt hageområde
Bustad 5 -Endeleilegheit
Er plassert lengst til venstre i rekkja og har eit bruksareal på 115,2 kvadratmeter. Denne bustaden har fire soverom. Inngangspartiet er via brei carport. Herifrå kjem du inn i entreen, der du kan gå direkte vidare inn til eit romsleg vaskerom. I vaskerommet er det lagt til rette for gode garderobeløysingar. Etasjen består elles av eit romsleg bad og to soverom. Utanfor det største soverommet på dette planet, er det mogleg å legge til rette for ein hyggjeleg og lun uteplass. Til informasjon er vindu i carport tatt vekk.
I etasjen over finn du det svært luftige og lyse kjøkken- og stoveområdet. I stova er det store vindauge som strekkjer seg frå golv til tak. Utanfor er det ein fin og lun balkong med glasrekkverk slik at du verkeleg kan nyte den flotte utsikta, også medan du er inne i bustaden. Hovudetasjen består elles av to soverom. Frå eit av dei er det ei terrassedør ut til ein liten uteplass på baksida av huset. Det er også eit bad i denne etasjen.