Leilegheit A5-Midtleilegheit-2.Etasje

Nøkkelpunkt leilegheit A5-Midtleilegheit-2.Etasje

  • Ekstra stor takhøgde med panorama vindauge frå «golv til tak»

  • Alt på ei flate med tilkomst via trapp til andre planet.

  • Ved omn. Moglegheit til vassboren varme som tilval.

  • Overbygd og skjerma veranda med flott utsikt.

  • Separat bad og vask/bod.

  • To soverom.

  • Entre med nisje til garderobe.

  • Leilegheita er plassert i andre planet med alle rom på ei flate.

  • Open oppgang med eige overbygd svalgang på 10m2. Her kan du kan nyte morgon kaffien i fred og ro.

Leilegheita har to soverom og eit bruksareal på 63kvm. Carport og sportsbod kjem i tillegg.  Inngangspartiet til leilegheita er plassert skjerma med inntrekt svalgang på baksida av bygget. Her får du din eigen oppgang. Her blir du ynskja velkommen inn i entreen  som har nisje plass til garderobe. Vidare innover i gangen kjem du til den opne kjøkken- og stoveløysinga med stor takhøgde og høge vindauge. Herifrå er det utgang til ein fin og romsleg overbygd veranda med god utsikt. Dei store vindauga frå «golv til tak» slepper inn mykje lys og skaper ein herleg nærleik til omgivnadene utanfor. På kvar side av entreen, finn du to soverom. I tillegg inneheld leilegheita separat bad og bod/vaskerom.

Plantegningar

Vedlegg

Visningar

Vising etter avtale

Kontakt oss

avatar

Vegard Meland

Dagleg leiar

avatar

Torgeir Melheim

Byggeleiar

MELD INTERESSE