Leilegheit A4-Endeleilegheit-2.Etasje

Nøkkelpunkt leilegheit A4-Endeleilegheit-2-Etasje

•                    Ekstra stor takhøgde med panorama vindauge frå «golv til tak»

•                    Alt på ei flate med tilkomst via trapp til andre planet.

•                    Overbygd og skjerma veranda med flott utsikt.

•                    Ved omn. Moglegheit til vassboren varme som tilval.

•                    Separat bad og vask/bod.

•                    Tre soverom.

•                    Romsleg entre

•                    Leilegheita er plassert i andre planet med alle rom på ei flate.

Leilegheita har tre soverom og eit bruksareal på 81kvm. Carport og sportsbod kjem i tillegg.   Inngangspartiet til leilegheita er i andre etasje, skjerma med inntrekt svalgang på baksida av bygget. Her blir du ynskja velkommen inn i entreen som har god plass til garderobe. Vidare innover i gangen kjem du til den opne kjøkken- og stoveløysinga med stor takhøgde og høge vindauge. Herifrå er det utgang til ein fin og romsleg overbygd veranda med god utsikt. Dei store skrå vindauga frå «golv til tak» og den høge himlinga slepper inn mykje lys og skaper ein herleg nærleik til omgivnadene utanfor. Ved sidan av entreen, finn du tre soverom. I tillegg inneheld leilegheita separat bad og eit veldig praktisk bod/vaskerom.

Plantegningar

Vedlegg

Visningar

Vising etter avtale

Kontakt oss

avatar

Vegard Meland

Dagleg leiar

avatar

Torgeir Melheim

Byggeleiar

MELD INTERESSE