Leilegheit A2-Midtleilegheit-1 Etasje
Nøkkelpunkt leilegheit A2-Midtleilegheit
Alt på ei flate med direkte tilkomst frå bakkeplanet.
Vassboren varme
Overbygd og skjerma terrasse tilknytt grøntområde
Separat bad og vask/bod
To soverom.
Entre med nisje til garderobe.
Leilegheita er plassert på bakkeplanet med alle rom på ei flate.
Leilegheita har tre soverom og eit bruksareal på 63kvm. Carport og sportsbod kjem i tillegg. Inngangspartiet til leilegheita er plassert skjerma under svalgangen på baksida av bygget. Her blir du ynskja velkommen inn i entreen som har nisje plass til garderobe. Vidare innover i gangen kjem du til den opne kjøkken- og stoveløysinga. Herifrå er det utgang til ein fin og romsleg overbygd terrasse tilknytta grøntområde. Dei store vindauga frå «golv til tak» slepper inn mykje lys og skaper ein herleg nærleik til omgivnadene utanfor. På kvar side av entreen, finn du to soverom. I tillegg inneheld leilegheita separat bad og bod/vaskerom.